Verdsdagen for psykisk helse

I dag, 10. oktober, er verdsdagen for psykisk helse. Årets tema er "Ver raus".

Opplevinga av tilhørighet og det å vere trygg på eigen identitet, er grunnleggjande for den psykiske helsa vår.

I 2018 vil organisasjonen vektleggje ein viktig eigenskap vi menneske er fødd med, nemleg å vere raus. Å vere raus kan tyde mykje, og i årets kampanje har dei fokus på korleis det kan gje betre psykisk helse.

Kva betyr å vere raus?

Å vere raus handlar om å gje noko utan å forventa å få noko tilbake. Det dreier seg om å akseptere at vi er ulike, at vi ikkje er perfekte, og gje rom for eigne og andres ulikheter. Omgrepet vert knytt til blant annan nestekjærleik og sjenerøsitet.

Kathrine Aspaas, forfattar av boka Rausheten tid, skriv dette om raushet:

“Raushet er å unne andre suksess.

Raushet er å våge åpenhet.

Raushet er å lytte til andre.

Raushet er å våge å feile.

Raushet er å tillate andre å feile.

Raushet er å hjelpe andre.

Raushet er å ta et skritt tilbake før vi dømmer andre.

Raushet er å tilgi oss selv – og andre.

Raushet er å konfrontere med vennlighet.

Raushet er å sette grenser med vennlighet.

Raushet er å takke vennlig nei til det som ikke gir oss glede.”

(Kjelde: Verdensdagen.no)