NRK Super skal lage ny dramaserie

Er du den rette?

Kva namn serien har, går ikkje NRK Super ut med, men i kommentarfeltet skriv dei at serien skal handle om ei jente som får seg nye stesysken.

NRK Super skriv også at søkarane ikkje treng å ha tidlegare teatererfaring, men at ein må bu i Oslo-området. Om du bur langt unna, må du heller vente til ein annan gong.

Dette er karaktertrekka på personane dei leitar etter.

  • Jente med brune auge. Alder: 5-6 år.
  • Gut med brune auge. Alder: 8 – 10 år.
  • Jente med brune auge. Alder: 14 -15 år.
  • Jente med lyst eller raudleg hår. Alder: 7 – 9 år.

Her er all informasjonen. Du blir sendt til NRK Super.