KrF vil gje alle foreldre meir pengar

Når KrF møter regjeringspartia til forhandlingar på laurdag, er høgare barnetrygd eit av krava dei vi få dei andre partia med seg på. Men kva er barnetrygd?

Kristeleg folkeparti, KrF, har rekna på at ei auke i barnetrygda på 266 kroner i månaden vil koste Noreg 3,3 milliardar kroner. Desse pengane skal regjeringa få inn ved å auke skattar og avgifter.
På laurdag skal regjeringa seie kva dei tenkjer om forslaget.
KaVass / Flickr / CC BY 2.0

Kva er barnetrygd?

Barnetrygd er 970 kroner som foreldre mottek kvar månad. Dette er pengar ein får frå det året barnet vert født, og fram til barnet fyller 18 år.

Barnetrygda såg dagens lys i 1946 under Einar Gerhardsens andre regjering. No meiner KrF det er på tide å auke denne summen som ikkje har auka på veldig mange år.