Pyramide-mysteriet: Har funne ut meir om korleis pyramidar vart bygd

Engelske og franske forskarar meiner dei har gjort eit funn som viser oss meir om korleis dei mystiske pyramidane vart bygd.

FAKTA: Pyramidane i Egypt
  • Pyramidane i Egypt er pyramideforma steinstrukturar frå oldtida.
  • Dei fleste pyramidane blei bygd som graver for faraoer (kongar) og deira familie.
  • Dei mest kjente pyramidane er Pyramidekomplekset ved Giza. Dei ligg like ved Egypts hovedstad Kairo.
  • Kheopspyramiden er den største av dei egyptiske pyramidane. Den er den einaste av «Verdens sju underverker» som framleis eksisterer.

Kilde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

I september gjorde ei gruppe arkeologar eit funn i eit gamalt egyptisk steinbrot, skriv Dagbladet.

Dei fann ei rampe som dei trur arbeidarane har brukt for å få på plass steinblokkene som veg fleire tonn, skriv The Guardian.

Raskare

Forskarane trur også at arbeidet med å bygge pyramidane har gått raskare enn dei har trudd til no.

Det trur dei fordi dei har funne hol og trinn i rampen, som dei meiner kan tyde på at arbeiderane har dratt dei store steinblokkene frå to sider, i staden for å dra blokkene bak seg.