Årets tema i MGPjr: Du er god nok

«Du er god nok», og «saman kan vi meistre» er årets tema i MGPjr-finalen i morgon 3. november. Men kva skal til for at du kjenner deg god nok? Og korleis skal ein kunne meistre ting saman?

Vi har spurt psykolog Solfrid Raknes.

Viss du tenkjer at det å vera «god nok» er det same som å vinne, går du glipp av mykje. Det er jo veldig få som vinn. Ofte berre éin person, seier Solfrid Raknes.

Vi har snakka med

Alle synest det er artig å vinne, men viss ein tenkjer at det er det viktigaste, blir ein fort veldig nervøs.

Det er heilt normalt å vera midt på treet, og dei fleste av oss er det, fortel Solfrid.

Kjekt uansett

I MGPjr er det éin vinnar, og mange som vil oppleve at dei ikkje vann.

Sjølv om det er ein vinnar, kan vi ikkje vite kven som har hatt det kjekkast – det kan jo vera den som kjem på 5. eller 10. plass, seier Solfrid.

Alle får ei oppleving, men det er ikkje sikkert at det er vinnaren som sit att med den beste kjensla.

Vinnaren kan til dømes vera veldig kritisk til sin eigen song i finalen, medan han eller ho som kom på 5. plass hadde det supergøy og var nøgd med songen sin, fortel ho.

Støtte frå andre

I MGPjr vil dei som deltek oppleve at dei får støtte av kvarandre, familie, vener og produksjonen. Denne støtta hjelper oss – spesielt når vi opplever at noko går dårleg.

Forskning viser at følelsen av å vera god nok ikkje handlar om du vinn eller ikkje i ein konkurranse. Det viktigaste er faktisk korleis du taklar det å vera med. I tillegg er det viktig å ha folk rundt seg, seier ho.

Det er det årets tema «saman kan vi meistre» handlar om.

Viss ein tenkjer at ein sjølv er hovudpersonen får ein ingen å feire med og vera glad med, seier Solfrid.