Når dei vaksne mobbar kvarandre

Barn blir oppdradd til at nettmobbing ikkje er lov, men kva med dei vaksne? Burde dei også lære seg å ikkje mobbe?

Presidentfrua i USA, Melania Trump, jobbar aktivt med å få slutt på nettmobbing. Ho har sagt til ABC News at ho føler seg mobba på nett.

– Eg kan seie at eg er den mest mobba personen i verda, dersom du verkeleg ser kva folk skriv om meg, seier ho i intervjuet.

Det er mange som skriv om henne. Både i sosiale medium og i artiklar på nettet.

Då Melania nyleg var i Afrika på ei reise blei ho hetsa på nettet på grunn av kleda ho hadde på seg. Mange gav uttrykk over at ho hadde for stereotypiske klede. Det vil seie at ho bar klede som var afrikansk-inspirerte, og som mange meinte blei feil. I tillegg meinte mange at det var altfor dyre klede.

Mannen hennar, Donald Trump, er den mykje omdiskutert presidenten i USA. Mange meiner at han driv dårleg politikk for landet og for verda.

Men sjølv om ein er ueinig i politikken, er det rett at vaksne skal mobbe kvarandre?

Er det greit at vaksne mobbar?

Er det greit at vaksne mobbar?

Ja, dei toler det1123
Nei, det er aldri greit235
Veit ikkje9
Svar totalt: 1367