Er synging viktig?

– Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Audun Myskja. Foto: Marte Garmann

Audun Myskja er lege og musikar. Han meiner at song er like viktig som trening og riktig kosthald.

Han fortel at songen påverkar delen av hjernen som styrer korleis vi reagerer på sanseinntrykk.

– Å synge gjer også at dei ulike delane av hjernen kommuniserer betre med kvarandre.

Hausten 2017 fjerna regjeringa song frå den generelle delen av læreplanen i skolen. Til store protestar frå mange. Berre litt over halvparten av barna i barneskolen syng kvar dag på skolen, og nesten alle sluttar å synge på ungdomsskolen.

– Vi kan spørje oss om det er ein samanheng mellom at vi har tatt vekk songen i skolen og at det er så slitne barn i dag. Tar vi vekk songen tar vi vekk ei læring som er mykje viktigare enn å pugge lærdom, seier han.

Kor ofte syng du?

Kor ofte syng du?

Kvar dag22
ALDRI3
Berre når eg må4
Syng no og då0
Eit par gongar i veka11
Veit ikkje4
Svar totalt: 44

Saka stod fyrst publisert på Framtida.no