Dette kan songen gjere med oss

Her fortel lege og behandlar Audun Myskja om nokre av funksjonane song kan ha for menneska.

Hjelper mot stress og uro

– Om ein er veldig stressa og utanfor, kan musikk gjere at ein skrur av noko av alarmsystemet som gjer at ein er stressa og ikkje klarer å samle seg.

Hjelper personar med demens

Forsking har vist at demente vart mindre deprimerte og angstfulle da dei fekk høyre musikk som dei kjente frå barndom, ungdom og livet før dei vart sjuke.

Gjer at dei ulike delane av hjernen kommuniserer betre

– Song og musikk gjer at prosessane som nervesystemet gjer, fungerer meir effektivt.

Kan endre kjenslene våre

Om ein person er lei seg, kan ein spele musikk for vedkommande for å gjere det betre. Ikkje nødvendigvis for å gjere personen glad, men for å nå inn til sinnsstemninga personen er i, og gradvis endre på tilstanden.

Har ei sosial rolle

– Under store eller dramatiske hendingar, speler songen og musikken ei sosial rolle. BlimE samla over 380.000 elevar i heile Noreg.

Er ein del av vår skaparevne

– Vi kan bruke stemma og tekstar til å skape, omskape, og synge om liva våre. Samane har joiketradisjonen. Song finst blant alle urfolk.

Betrar helsa, aukar trivsel og reduserer sjukefråvær

Da vi innførte oppstart av song og bevegelsar, fekk vi ei veldig auke i trivsel og nedgang i sjukefråvær, seier Audun Myskja.