• Sjå på framtidajunior.no, klikk deg inn på emnet kultur. Gå nedover framsida og sjå kor mange ulike typar saker og tema som kjem i denne kategorien. Snakk om kva omgrepet «kultur» tyder.
    • Miljøsaker
    • Menneske som har ei historie å fortelje
    • Musikk, film og TV
    • Bokmeldingar
    • Historie
    • Sport
  • Be elevane finne ei kultursak med eit emne som opptek dei. Dei kan presentere artikkelen for dei andre i klassen, og seie noko om kvifor dei valde nettopp denne saka.
  • Lag ei veggavis med kultursaker elevane er opptekne av. Dei kan finne saker på Framtida junior, i lokalavisa eller skrive saker sjølve.
  • Vel ut ei kultursak som handlar om eit nasjonalt eller internasjonalt emne. Lat elevane bruke denne som utgangspunkt for å lage ei sak om korleis situasjonen er der dei bur. Kanskje må dei intervjue nokon. Her er to døme på slike saker:
  • Bruk teksten om klovnar som spreier glede for born i Malawi: Klovnar skal spreie glede i eit av verdas fattigaste land. Slike klovnar finn vi også på somme sjukehus i Noreg.  Skrivebestilling: Du er ein klovn som har hatt eit oppdrag enten i ein flyktningleir i Hellas eller Malawi, eller på eit sjukehus i Noreg. Skriv enten eit lesarinnlegg i lokalavisa, eit dagbokinnlegg for din eigen del eller eit postkort til ein venn eller ein familiemedlem heime om korleis dagen din har vore, og om nokre av borna du møtte i arbeidet ditt som klovn.
  • Her finn du skriverammer for debattartikkel, med forslag til tekstbindarar: Skrivestrategier for førskrivingsfasen
  • Dersom ei av sakene elevane skriv sjølv er så god at ho kan vere interessant for andre, kan de sende ho inn til Framtida junior og spørje om dei kan publisere saka. Send også med fotografi.

Send gjerne til junior @ framtida.no!