Nesten 1,7 tonn søppel på ein dag

På fugleøya Runde på Sunnmøre var det søppeldag, der nærmare 1,7 tonn søppel blei plukka opp.

70 personar møtte opp på søppelsankinga, der mange av dei oppmøtte var barn, skriv Vestlandsnytt.

Rot i fjellet: Her ser vi kor mykje av søppel som havnar opp som byggematereale for reira til fuglane. (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik)

I køen for å få tildelt ryddeområde treff Vestlandsnytt på ein familie som klør etter å kome i gang. Det er Ranveig Bøthun, Henrik- og Magnus Myklebust. Dei får tildelt registreringsskjema, hanskar og bosposar.

– Vi skal registrere det vi finn slik at vi kan finne ut kvar alt rotet kjem ifrå, fortel Henrik, medan han skriv namnet sitt på skjemaet.

– Då kan vi kanskje finne kven som kastar søppelet og stoppe dei, legg Magnus til.

(Saka held fram under bilete)

Ikkje keisamt: Ingen i familien Myklebust synast det var keisamt å rydde. (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/Vestlansnytt).

– Bra vi finn lite

Etter å ha gått langs fjøra og rydda ei stund, er sekkane til dei tre ikkje så fulle.

– Vi har ikkje funne så mykje rot som vi trudde, fortel familien.

Dette er ein bra ting slår dei fast, men at det likevel er søppel å finne er ikkje bra.

– Det er veldig dumt for naturen, for han blir øydelagt. Plastikken vert ikkje broten ned, men blir berre mindre og mindre, fortel Magnus og Henrik som har lært om plastforsøpling på skulen.

Dei tre held fram med ryddinga og til slutt konkluderer dei med at det dei fann var like mykje frå industri som frå enkeltpersonar og at alle som ein må ta ansvar.

– Vi må stoppe folk frå å hive søppel i naturen, seier Henrik som er fornøgd og har hatt ein kjekk ryddedag på Runde.

Flott dag

Etter å ha plukka opp alle sekkane med bos som vart samla inn er det ei fornøgd Charlotte Hauge ved Runde Miljøsenter som kan fortelje at det er fjerna nesten 1,7 tonn bos. summere opp dagen.

Skrive av journalist Bjørnar Torvholm Sævik, Vestlandsnytt.