Klovnar skal spreie glede i eit av verdas fattigaste land

Visste du at ein kan jobbe som klovn? Sirkus Sol er tre klovnar som skal til Malawi for å klovne.

Sirkus Sol består av dei tre klovnane Fasit, Luna og Pip

Dei to siste åra har dei reist rundt for å klovne for barn på asylmottak og i flyktningleirar. No dreg klovnane Pip, Luna og Fasit til Malawi. Landet i Afrika er eit av verdas fattigaste land. Der er det blant anna vassmangel og barneekteskap. Der treng barna all den støtte dei kan få.

– Vi er veldig flinke til å gjere dumme ting og skape problem for oss sjølve som barna må hjelpe oss ut av, seier klovnen Fasit.

Barna er heltane

Klovnane er opptekne med å få med alle barna i forestillinga dei har. Klovnane må alltid ha hjelp frå barna, for det er dei som er heltane i forestillinga deira.

Fasit fortel at nokre gongar møter dei barn som er heilt blokkerte. Dei får ikkje kontakt. Barnet sit der, men er ein heilt annan stad. Mange har opplevd for mykje vondt, fortel han.

– Om barnet på slutten av forestillinga kjem fram og går på gummistrikken som ligg på bakken. Då jublar og klappar alle. Om barnet vaknar og smiler, så er det verdt heile forestillinga. Det skjer innimellom og det er veldig vakkert, seier han.

Artikkelen held fram etter bilete

Pip, Fasit og Luna finn på mykje sprell og moro.

Barna kan ikkje velje

Barna og klovnane møtast i leiken, men har forskjellige verkelegheiter.

– Vi kan dra, men dei må bli igjen.

– Vi kan når som helst gå ut av verkelegheita. Eg har ei seng ein

annan stad. Dei har ikkje ein annan stad, dei kan ikkje velje, seier Fasit.

Sirkus Sol kjem inn i ein flyktningleir dei besøkte i Hellas.