Marcus og Martinus skal ha faren sin som lærar

– Vi vil satse, seier Marcus og Martinus til VG. No er tvillingane i LA for å lage ny musikkvideo.

– Det kjennest kanskje litt rart å ikkje skulle gå på vanleg skule, men det hadde blitt veldig vanskeleg for oss å få det til grunna fråversgrensa, fortel Marcus Gunnarsen (16) til VG.

Reiser mykje

Gutane skal halde fram med skulen, men skal ikkje vere i klasserommet. VG skriv at gutane skal ta to fag i året, og at dei må gjere det på denne måten fordi dei reiser så mykje.

No vil dei satse stort på musikken, men sidan utdanning også er viktig for gutane, skal faren no vera lærar. Det einaste dei kjem til å sakne er klassen og lærarane, fortel dei.

TA VÅR QUIZ HER: Kva kan du om Marcus og Martinus?