Alida (10): – Målet er å bli ein stor skodespelar

MIN HOBBY: Elida har vore skodespelar i sommar, og skal starte i teatergruppe no i haust. Her fortel ho om kvifor akkurat dette er hobbyen hennar.

Namn:

Alida Henriette Vik

Alder:

10 år

Bustad:

Halsnøy i Kvinnherad

Kva hobby driv du med?

– Teater.

Kva tid starta du?

– No i sommar. Eg ville prøve meg som skodespelar i eit teater, og det var gøy! Så skal eg starte i ei teatergruppe no i haust.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

– Eg likar å lage show for mamma og pappa saman med syster mi, Erla. Eg likar å leve meg inn i historiar. Viss eg dansar til ein trist song, ser eg føre meg at eg er i eit mørkt rom. Viss det er ein glad song, ser eg føre meg ei eng full av blomar.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du no vil begynne i teatergruppe?

– Det er gøy! Det er kjekt å få ei rolle. Eg bryr meg ikkje om eg får replikkar eller ikkje. Det er heller ikkje så viktig kva rolle eg får, berre eg får vera med.

Kva er målet ditt med hobbyen?

– Å bli ein stor skodespelar. Og viss eg ikkje blir det, skal eg bli ein forfattar som skriv teater.

Kor god er du på ein skala frå ein til ti?

– Sånn cirka 8.

Kva må du jobbe meir med for å bli enda betre?

– Eg har mykje meir å øve på. Nokre gongar er det vanskeleg å ikkje byrje å le. Då må eg ta meg saman.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– Det er fint med teater! Men ein vert ganske nervøs når ein skal på scena. Viss du får vondt i magen, er det berre fordi du er nervøs.