Død over nettrolla

På det svarte sceneteppet lyser ordet «Cyberspace». Vi er på Tonsenhagen Musikkteater. Ei teaterframsyning om nettmobbing. Eit stykke der barna har vore med heile vegen frå idéar til framføring for ein fullsett sal.

Det er eit rått og tøft stykke, som vekker sterke kjensler både blant publikum, men også for skodespelarane.

TØFT Å SPELE MOBBAR: Ada Voldnes-Moesman starta å grine like før. – Det er ei tøft å stå på ei scene og mobbe.

Ada, ein av skodespelarane, gjennomførte framsyninga med glans, sjølv om ho byrja å grine like før ho skulle gå på scenen.

– Sjølv om alt vi gjer er skodespel, så syntest eg det var tøft å stå på ei scene og mobbe. Det er ei grusom kjensle.

«Cyberspace» – eit stykke om nettroll og nettmobbing

Stykket handlar om Mons som er ny på skulen, og som kjenner seg einsam. Han har ingen vener bortsett frå ei jente frå skulen han møtte på campingferien. Då dei møtast etter ferien lar ho seg ikkje kjenne. Han blir mobba, og stygge ting blir skrive om han på instagram og sosiale medium. Alt han vil er å bu i cyberspace – der han trur at mobbing ikkje finnast.

På mystisk vis forsvinn han inn i datamaskina medan han spelar Super Mario. Der møter han mange spelfigurar som enno ikkje har blitt råka av alt hatet som Iphone-Siri og nettrolla prøver å spreie.

Det blir ein kamp i den verkelege verda og cyberspace-verda. Ein kamp mot nettrolla og alt hatet.

Sterke inntrykk

NETTROLLA TEK OVER: Iphone-Siri var ein av karakterane i stykket. Ho og nettrolla prøver å spreie hat.

– «Cyberspace» har eit viktig bodskap som er aktuelt. Det er noko alle kan kjenne seg igjen i, seier Dina.

Stykket har blitt skriven ut frå alle idéane som barna i musikkteateret har kome med.

– Vi ville seie frå. Vi ville gjere ein forskjell, seier Augustin. – Nettmobbing er ikkje greitt.

Så kva gjer ein?

– Er det nokon som opplever å bli nettmobba må ein seie frå til ein vaksen, seier Maren.

– Og finn ein du stolar på, seier Ameli.

Til dei som mobbar har Ada eit råd: – Tenk deg om to gongar før du skriv noko. Det er alltid innsida som er viktigast, seier ho.

Løysinga er kjærleik

Alt ordnar seg då dei tek over nettrolla og skriv det motsette av alt det nettrolla skriv. Skriv eit nettroll «Du er stygg», skal ein skrive «Du er fin». Og det er på den måten ting ordnar seg i teaterstykket. Og kanskje er det slik i den verkelege verda også? Kanskje kan kjærleiken overvinne alt det negative som blir skrive? #DuErBraNokSomDuEr

Det er ikkje grenser på kva vi kan gjere saman!

Regissør, Camilla Skjerven Veie-Rosvoll,  gav ei oppfordring til publikum då stykket var ferdig:

– Jobb med å kjempe mot mobbing! Tenk deg om både ein og to gongar før du postar noko om andre på internett.

Cyberspace var urpremieren og fyrste framsyning for Tonsenhagen Musikkteater for barn og unge mellom 10-15 år. Til hausten startar dei opp med eit nytt kull, og får då to teatergrupper.