Må betale for å ha delt nakenbilete

Nora Mørk krev 150 000 kroner av kvar av dei som spreidde nakenbileta av ho.

Mennene som har lagt ut og delt intime bilete av Nora Mørk, må betale minst 150.000 kroner.

Håndballproffen krevjar til saman over to millionar kroner av personane som spreidde nakenbileta av ho.

Leitar etter fleire folk som har delt

– Nora Mørk står på for at andre ikkje skal kome i same posisjon, ved å markere at det skal svi på pungen å dele tjuvgods og personlege bilete med andre, seier advokaten til Dagbladet.

Det er 14 vaksne menn, pluss ein 16-åring som nå har fått brev frå advokaten til Nora. Teamet rundt Mørk er i ferd med å finne endå fleire som har spreidd bileta.

– Har ein lasta ned intim-bildeta, delt ei lenke med bileta, eller skildra korleis ein kan finne dei intime bileta, blir ein varsla om søksmål, seier advokat John Christian Elden.