Ei internett-heltinne

Mia Landsem (23) har likt gaming sidan ho var lita. Datakunnskapen kom til nytte då nokon delte nakenbilete av veninna hennar utan lov.

– Eg skulle ønske det fanst ei slik bok då eg sjølv var lita, seier forfattar Mia Landsem om boka si Trygg på nett, som akkurat er komen ut. 

I boka gir ho mellom anna råd om kva du kan gjere viss det skjer noko på nett som er så ille at du ikkje vil fortelje om det til ein vaksen.

Hjalp politiet

Då ei av veninnene hennar opplevde å få eit nakenbilete av seg sjølv spreidd på internett måtte 17 år gamle Mia ta saka i eigne hender. 

Ho spora opp dei som delte bileta, og åtvara dei om at det dei hadde gjort var ulovleg. Så gav ho all informasjonen ho hadde funne til politiet. 

– Eg har alltid ville kjempe mot det eg meiner er urettferdig.

Mia har likt å game sidan ho var lita. Her er ho i sofaen med Nintendo Switch då ho var seks-sju år gammal. Foto: Privat

Digital detektiv

Sidan då har Mia vore digital detektiv.

Ho prøver så godt ho kan å hjelpe alle dei som kontaktar henne kvar einaste dag, i tillegg til at ho jobbar fulltid som hackar. 

– Og så må eg jo passe på hunden min, Zelda, som nettopp har fått kvalpar!

Likevel har Mia funne tid til å skrive ei bok, der ho lærer vekk masse kult om sosiale medium, gaming og internett. I boka står det også om ting som kan skje der som ikkje er så kult, og som ein kanskje ikkje tør å snakke med foreldre om. 

Trygg på nett heiter den nye boka til Mia Landsem.

Til og med foreldre forstår

– Viss ein googlar ukjende ord ein får høyre, som pedofil eller porno, så kjem

ein fram til forklaringar som kan vere vanskelege å forstå. Ein kan også kome over videoar og bilete som ikkje er så hyggelege. 

I boka si ville Mia derfor skrive om det meste på ein enkel måte, så alle kunne forstå det. Til og med foreldre! 

– Det kan godt hende det er mange mødrer og fedrar som også vil lære mykje av å lese denne boka, smiler ho lurt.