Kom med din idé til nytt fylkesvåpen!

Hordaland og Sogn og Fjordane skal verte eitt fylke. No treng fylkeskommunane di hjelp!

Om konkurransen
  • Ein fagjury og ein folkejury plukkar ut 10 forslag kvar. Desse forslaga vert lagt ut til nettrøysting der du som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane stemmer fram din favoritt.
  • Vinnaren i avstemminga vinn folkefavorittpremien på kr 25 000. Dei andre finalistane får 2000 kroner kvar.
  • Folkefavoritten og dei opptil 19 andre finalebidraga vert med til inspirasjon i ein designkonkurranse til hausten. Der kan designbyrå og kunstnarar delta.
  •  Det er med andre ord ikkje sjølvsagt at det er folkefavoritten som blir det nye fylkesvåpenet.
  • Etter designkonkurransen vil fagkomitéen rangere dei ferdige bidraga, og innstille til nytt fylkesvåpen.
  • Det er til slutt politikarane i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland som saman vedtek det nye fylkesvåpenet.
LES FAKTALUKK FAKTA

Har du ein god idé til kva som kan vere eit samlande fylkesvåpen for det nye fylket?

Sender du inn forslag, er du med og konkurrerer om 25 000 kroner i hovudpremie. Dei andre finalistane får 2000 kroner.

Slik deltek du

Du kan enten teikne eit forslag, eller sende inn eit reint tekstforslag der du forklarer motiv og farge.

1. Vel ei form

Våpenskjoldet kan vere spisst eller avrunda i botnen. Viss du vil, kan du bruke ein av desse malane

2. Lag eit motiv

Kva er felles for Sogn og Fjordane og Hordaland? Kva kan vere eit motiv eller symbol som betyr noko for alle innbyggjarane i det nye fylket?

Velg få fargar, helst ein klar og rein farge og ein metallfarge. Det skal vere eit metall med i fylkesvåpenet.

Det er tre tradisjonar for motiv på fylkesvåpen som du kan la deg inspirere av:

  • Historiske motiv (kulturminne og liknande)
  • Motiv frå flora og fauna som er typisk for området
  • Landskapsmotiv frå området

3. Send inn: Trykk her!

Frist: 20. juni 2018

Del gjerne ditt forslag på instagram med #fylkesvåpenvest