Tiril (12): – Eg spør berre rett ut

Vi har snakka med Tiril (12), Aron (13) og Sondre (12) om kven dei høyrer mest på råda til? Vener eller foreldre?

Tiril Bøthun (12):

FOTO: Janne Nerheim

Kven høyrer du mest på råda til? Vener eller foreldre?

– Mamma! Men om eg heng med vener seier dei gjerne slik «å, den var fin – den må du kjøpe», eller dei gir råd om kule spel og slikt. Foreldre gir meir kjedelege råd, at ein må kle på seg slik at ein ikkje vert forkjøla og slikt.

Er det enkelt å be andre om råd?

– Ja, det er ikkje noko å grue seg til, eg spør berre rett ut. Ja, både vener og foreldre i grunn.

Aron Vika Thommassen (13):

FOTO: Janne Nerheim

Kven høyrer du mest på råda til? Vener eller foreldre?

– Foreldre! Me gutar gir ikkje kvarandre råd så ofte. Me snakkar ikkje så mykje om problem. Me spør heller ikkje om råd. Men me får nokre gode råd av læraren vår Hege, det gjer me.

Er det enkelt å be andre om råd?

– Det spørst kven eg spør. Om det er ein ven, er det enkelt – men eg spør ikkje kven som helst. Dei må kjenne meg for at eg skal be dei om råd, Det kjem også an på kva problem det er, og kva personlegdom dei har.

Sondre Svendsen Taraldsøy (12):

FOTO: Janne Nerheim

Kven høyrer du mest på råda til? Vener eller foreldre?

– Venner, høyrer eg på. Men det er ikkje så ofte me gir kvarandre råd. Foreldra mine gir også mange råd, spesielt pappa – men eg høyrer ikkje så ofte på dei.

Er det enkelt å be andre om råd?

– Eg plar ikkje så ofte å be om råd. Nokre gonger gjer eg det.