Elevane går på entreprenørlinja på Thora Storm vidaregåande skule i Trondheim. Dei har skapt eit produkt som skal ta hand om eit stort miljøproblem.
Tusenvis av tonn forsvinn
– Det blir ein del tonn når det er 1655 kunstgrasbaner i landet, seier Kristoffersen.Granulat, dei små svarte gummikulene på kunstgrasbanene, kan ifølge ein rapport frå 2016 vere den andre største utsleppskjelda av mikroplast til miljøet. Kvar enkelt kunstgrasbane kan ha opptil hundre tonn granulat, og årleg må det etterfyllast opp mot ti tonn.
Stortinget har bestemt at alle kunstgrasbaner skal ha tiltak mot svinn av granulat innan 1. januar neste år.
Kunstgrasbaner som blir brukt om vinteren har ofte høgt tap av granulat. Med løysinga til SafeTurf blir snøen brøytt til oppå ei rist med eit sorteringssystem under. Illustrasjon: Safe Turf
Når snøen smeltar hamnar granulata i behaldaren, medan vatnet renn vidare. Større ting som stein og kvist blir fanga av ei rist ovanfor. Illustrasjon: Safe Turf
Her vert granulata løfta ut etter å ha blitt sortert i ristsystemet. Illustrasjon: Safe Turf