– Eg vil kalle deg Junior

Heime på garden til mormor og moff er det kjekt å vere. På Lilleteigen gard høyrer ein breking av 20 lam og 30 villsauer som er i full fart på veg til matmor. Eit sikkert vårteikn.

Fakta

Sauene er av typen Gamalnorsk villsau, og går ute heile året.

Lilleteigen gard ligg i Tjørvåg i Herøy kommune.

Det er Olav og Laila Tjervåg, moff og mormor, som som eig garden.

LES FAKTALUKK FAKTA

Bla gjerne i biletegalleriet. Der er mange fine bilete.

Dei er ikkje mykje villsau, dei skulle heller hatt namnet tamsau, seier mormor og ler, medan ho viftar med ein pose med brød i.

Rundt henne står Lilly, Arnold og Marie – mammaen til Arnold og Lilly. Ein flokk med nysgjerrige sauer og lam kjem springande mot dei.

To flaskelam

I fjor hadde dei to flaskelam, fortel Lilly. Då måtte dei matast med tåteflaske.

Dei fekk namna Theodor og Ulla.

Lilly synest det er gøy med flaskelam, men det er også ein jobb for dei skal nemleg ha mat kvar fjerde time.

Flaskelamma trur at eg er mammaen deira, seier mormor. Går eg, så går dei etter meg.

I år har dei ikkje fått flaskelam, men det er framleis nokre sauer som ventar på å lamme, fortel Lilly.

Kvifor nokre lam blir flaskelam veit ikkje Lilly, men mormor trur det kan vere at enkelte mødre synast det er for travelt med tvillingar, og derfor støter dei vekk det eine lammet.

Vesle Junior

Eit lite lam står ved føtene til mormor, og ho løftar det opp.

Lilly, vil du holde lammet, seier ho.

Lilly rettar ut armane og tek i mot.

Eg skal kalle deg Junior, seier Lilly, og gir det brekande lammet ein klem.

Gøy på garden til mormor og moff

Det er skikkeleg gøy å vere her på garden til mormor og moff, seier Lilly.

Det synest Arnold også. Det er kjekt å mate sauene, seier han.

Dei tek kvar sin pose med brød og spring nedover stien mot fjøsen, med ein flokk av sauer og lam etter seg. Det kan mest sjå ut som dei leikar politi og røvar, der dei spring i sikksakk med breking og latter om kvarandre. Eit sikkert vårteikn.