Både store og små trør til for 17.mai-stemninga

Kvar 17. mai går tusenvis av barn og unge marsjerande rundt i taktfast gange med sine blankpussa instrument. I nokre bygder må ein jobbe litt ekstra for at det skal skje.

Norges Musikkorps Forbund

Norges Musikkorps Forbund feirar 100 år i år.

Norges Musikkorps Forbund melder om at i 2017 var det 1057 skule- og generasjonskorps. Det var ei auke på 15 korps frå året før.

Totalt var det 38.145 medlemar i skule- og generasjonskorpsa. Av desse er det ca 30.000 som spelar i korps.

LES FAKTALUKK FAKTA

Ikkje tog i år

– I år skal ikkje vi spele i toget, vi er rett og slett for få til å få det til, men vi skal spele på festen etterpå, seier Jonas Mikalsen Gjerde (13).

Han er ein av omlag 20 medlemmar som er med. Det er alt frå folk med null erfaring til dei som har 50 års erfaring.

Jonas sit saman med mor si, Kristin Mikalsen Gjerde. Mor og son spelar trombone.

– Det er eigentleg kjekt å spele i korps med mor si, for då får eg ein ekstra støttespelarar i tillegg til dirigenten, seier Jonas.

(Teksta held fram under bilete av heile korpset.)

Eg trivst med å spele i korps

Jonas veit ikkje heilt kva som er grunnen for at det er så få som spelar i korpset.

– Kanskje det rett og slett er fordi folk trur at det er kjedeleg? I tillegg er det mange som har andre fritidsaktivitetar som kræsjar med korpset. Men eg trivst.

Sjølv om det ikkje blir taktfast gange for Tjørvåg-Myrvåg Musikkorps er det andre ting som veg opp no framover.

– Det kjekkaste er når vi dreg på blåturar og på korpsstemne. Blåtrurar er turar vi ikkje veit kvar vi endar. Og på stemna møter vi andre korps og har det veldig sosialt saman.

MOR OG SON: Jonas og Kristin spelar trombone saman. Bak ser ein Arlen som lærer seg notar før ho sjølv skal byrje å spele. (Foto: Christian W. Gjerde)

På tvang

Bak Jonas og Kristin sit Arlen Furset. Ho er den med null erfaring. Ho sit og følgjer med på notane til Jonas og Kristin for å lære seg litt før ho sjølv skal byrje å spele.

– Vi tvang henne inn, seier Kristin og ler.

– Ja, eg har bestemt meg for at eg skal lære meg noko nytt kvart år, seier Arlen.

Så hevar dirigenten, Tone Larsen, armane og lyden av Fagert er landet kjem ut av instrumenta. Om ein lukker auga hadde ein trudd det var endå fleire som spelte.

Utfordrar journalisten til å vere dirigent

– Kanskje du kan vere dirigenten vår på 17. mai, seier mor til Jonas i det journalisten skal til å gå ut døra.

– Vi har ikkje dirigent på 17. mai, skjønar du!

Dirigenten er diverre oppteken på 17. mai og får ikkje vere med, men med mange gode støttespelarar så vil det nok gå veldig bra.