Tobias (10): – Eg likar å gå på tur

MIN HOBBY: Les om Tobias sin hobby. Vil du fortelje om din hobby? Info finn du i saka.

SEND OSS DIN HOBBY

Vil du fortelje om din hobby?

  • Kopier spørsmåla frå saka, svar på dei og send dei til oss på tips@framtida.no
  • Merk mailen med “Min hobby”.
  • Vi publiserer aldri utan samtykke frå forelder.
LES FAKTALUKK FAKTA

Namn: Tobias Johansen

Alder: 10 år

Bustad: Skånevik

Kva hobby driv du med? Eg går i speidaren.

Når starta du? I 3. klasse

Kor ofte er du? Annankvar onsdag

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

Eg kjenner mange som likar seg godt i speidaren, så då ville eg også prøve det.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

Eg likar å gjere dei aktivitetane vi gjer i speidaren. Eg likar veldig godt å gå på tur.

Kva er målet ditt med hobbyen?

Å bli PEFF. Det er ein patruljeførar.

Kva har speidarleiaren gitt av tilbakemeldinger?

At eg er flink, og at eg gjer det eg skal.

Kor god er du på ein skala frå ein til ti?

Det trur eg må bli 8.

Kva må du jobbe meir med for å bli enda betre?

Knutar. Eg kan båtmannsknop, men det er veldig mange eg ikkje kan endå.

Kor mykje kostar denne hobbyen?

Det trur eg er rundt 750 kroner i året.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

Det er gøy! Eg håpar at det kjem fleire inn i speidaren.

LES MEIR: Fyrste overnatting åleine i naturen