– Våren er liksom starten på noko som kjem

Kjenner du det på lufta? Klarer du å sjå vårteikna? Det er mange som blir ekstra glade når sola varmar, og ein ser at det byrjar å spire og gro.

Henrik er glad i våren.

Henrik Haaland Bay (11)

Kva er det beste med våren?

– Å vere ute og leike. Å leite etter firkløver. Eg har faktisk funne ein gong del.

Kva er dine tre beste vårteikn?

– Det må vere at snøen smeltar og det blir lysare ute. Blomane blømer og vi kan ha på oss lettare kle.

Kva er din favorittis om våren?

– Det må vere saftis.

Lone tenkejr at våren er starten på noko som kjem,

Lone Margrethe Moen (11)

Kva er det beste med våren?

– Når vi kan byrje å ha lettare klede og lette sko. Våren er liksom starten på noko som kjem.

Kva er dine tre beste vårteikn?

– Graset blir grønare. Sola varmar. Det blir bar asfalt.

Kva er din favorittis om våren?

– Daim-is er min absolutte favoritt.

Kva er ditt favoritt vårteikn?

Kva er ditt favoritt vårteikn?

Vårblomar blømer4
Trea som spirar3
Hundebæsj kjem fram frå snøen2
Sola varmar4
Eg kan gå i shorts1
Eg kan bade3
Det er lyst lenge0
Fuglane kvitrar5
Eg slepp å ta tran0
Svar totalt: 22