«Despacito» er spelt over 5 milliardar gonger på YouTube

Luis Fonsi og Daddy Yankees sin superhit «Despacito» er verdas fyrste video som har nådd 5 milliardar visningar på YouTube.

Kven er Daddy Yankee og Luis Fonsi?

Ramón Luis Ayala Rodríguez er best kjent under artistnavnet Daddy Yankee. Han er ein puertorikansk reggaetonartist og skodespelar. Daddy Yankee har gitt ut fem studioalbum, men har medverka på over 70 album.

Luis Alfonso Rodríguez López-Cepero (født 15. april 1978), også kalla Luis Fonsi, er best kjent for hittsangen “Despacito”. Han er både songar og låtskrivar.

Dei vunne totalt fire Latin Grammy Awards.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

«Despacito» kom ut i 2017, og vart raskt svært populær. Songen vart faktisk remixa av Justin Bieber berre tre månadar etter den kom ut.

Luis Fonsi har tidlegare uttalt at han vakna ein morgon med songen i hovudet. Og no er det vel knapt eit menneske som klarar å få songen ut av hovudet etter å ha høyrt Luis og Daddy Yankee synge:

Despacito
Quiero respirar tu cuello despacito
Deja que te diga cosas al oído
Para que te acuerdes si no estás conmigo 

(Du kan høyre heile songen øvst i saka)