Victor jobbar som gamer og youtubar for NRK

I eit studio på NRK møter Tanishika og Naphtali den nye programleiaren i Flipp Klipp - Victor Sotberg.

Naphtali og Tanishika tek ein kikk i Flipp Klipp- studioet

Victor viser rundt i studioet der Flipp Klipp vert filma. Det er leidningar på golvet, og skjermar overalt. Den gjenkjennelege logoen heng på veggen. I tillegg er det varmt. Fleire sterke lampar lyser opp rommet.

Det er veldig varmt her, seier Tanishika, og tek av seg jakka.

Ekstremt morosamt

Eg jobbar her fordi eg søkte på jobben i Flipp Klipp. Eg likar å underhalde barn og unge med spanande innhald, som eg får gjere gjennom denne jobben.

Victor er ein populær YouTubar og dreiv kanalen Weird Norwegian, før han byrja å jobbe i Flipp Klipp.

Her i Flipp Klipp er det meir gaming, som eg synest er ekstremt morosamt.

Ærleg målgruppe

Victor synest målgruppa til NRK Super er ei spanande og ærleg målgruppe som fort fortelje kva som er gøy eller kjedeleg.

Eg likar den utfordringa rett og slett. Det beste med jobben er at ein kjem tett på publikum, fortel Victor.

Det som er fint med YouTube er at dei som ser på kan kommentere med ein gong videoen er ute. Det er enkelt å kommunisere med sjåarane sine.

UTFORDRING: Naphatali og Victor spelar Gand Beats. Naphtali vann over Victor. Tenk det! Å vinne over ein proff gamer!

Ein altmulegmann

Victor fortel at i tillegg til å vere programleiar der han driv med gaming, lagar kortfilmar, humor og challenges, så er det mange folk i redaksjonen han jobbar tett med, og som utviklar kva som skal skje framover.

Ein YouTubar er ein altmulegmann, eigentleg.

Naphtali lurar på om han kjem til å få seg ein gaming-partner i Flipp Klipp. Slik som Baibai & Huginn var.

Eg kjenner at eg har lyst å ha ein person som eg kan samspele med og gjere ting saman med. Det er det som har vore så fint med Baibai & Huginn. Dei har vore ein duo som utfyller kvarandre, og eg lengtar litt etter den duoen, så ein skal ikkje sjå bort frå det.

Ein må kjenne målgruppa si

Alle kan i prinsippet legge ut filmar på nettet, men ein skal alltid tenkje seg godt om før ein gjer det.

Når ein postar ein video er det viktig at ein kan stå for alt det ein seier og meiner. Og ikkje minst at du respekterer målgruppa di. Du må tenke på kva dei likar og ikkje likar. I tillegg er aldersbegrensing og slike ting også viktig. Kjenn og respekter målgruppa di, seier Victor.

Når ein viser seg på nettet kan ein oppleve å få negative kommentarar. Då prøver Victor å ikkje ta innover seg alt han les, sjølv om det kan vere vanskeleg.

Som oftast tenkjer eg at dei som kommenterer ikkje kjenner meg, og ikkje veit kven eg er. Når ein eksponerer seg sjølv på YouTube kan det vere vanskeleg, for alle kan seie kva dei vil om deg. Men ein må tenke at det ikkje er personleg, seier programleiaren.

Til slutt utfordra Victor journalistane i Gang Beats. Naphtali vann over Victor. Tenk det! Å vinne over ein proff gamer!