Kva irriterer deg?

Vi blir alle irriterte av og til. Det er heilt naturleg. Kanskje du er ekstra irritert om morgonen? Kanskje blir du fort irritert på læraren din?

Å bli irritert er heilt vanleg. Det går ikkje an å gå gjennom eit liv utan at vi blir irriterte på nokon.

Kva kan ein gjere når ein blir skikkelg irritert? Trikset er kanskje å vri tankane.

  • Er du svolten? Er ein svolten kan ein lettare bli irritert
  • Flytt fokuset. Kanskje du kan snakke med nokon, eller sjå ein kattevideo på internett?
  • Tenk deg om. Kanskje det som irriterer ikkje er så farleg likevel?
  • Pust! Trekk pusten djupt inn. Pust inn gjennom nasen og ut munnen. Kanskje du kjenner at du blir rolegare?
  • Prøv å smile. Eit smil kan hjelpe på humøret.

Les kva Marthe, Maria og Sigrud blir irritert over.

Marthe

Storesøstera mi irriterer meg. Ho er 13, og ho får meg veldig lett sint, seier Marthe.

Til vanleg når Marthe blir irritert har ho noko som hjelper henne.

I hjernen tenker eg ofte stygge ord når eg blir irritert av ting, men eg gjer som regel alltid det eg får beskjed om.

Maria

Eg blir irritert når eg må legge meg, fordi eg vil vere oppe lengre. Eg må legge meg rundt kl ni, og det synest eg kan vere veldig kjedeleg.

Eg prøver av og til å seie at eg skal gå om eitt minutt, og så eitt minutt til, men pappa er så vant med det, så eg må som regel gå med ein gong.

Og så blir eg irritert av hunden min som øydelegg tinga mine. Han har øydelagt ein kosebamse og ein heilt ny Squishy. Det irriterer meg veldig!

Når eg blir irritert pustar eg djupt, og kan bli sint. Då vil eg ikkje snakke, men det varer ikkje så lenge. Og har eg oppført meg dårleg så seier eg alltid unnskyld.

Sigurd

Eg hater å legge meg, så det irriterer meg veldig når eg får beskjed om å legge meg. Og så kan småsøsken vere ganske irriterande, seier Sigurd.

Om eg blir irritert så seier eg ofte ifrå om det, men som regel så berre gjer eg det eg får beskjed om.

Kryss av for det som irriterer deg mest

Kryss av for det som irriterer deg mest

Masete foreldre0
Slitsame sysken5
Masete lærarar0
Bråk i klasserommet0
Vener som masar0
Når eg ikkje får viljen min2
Bråk om morgonen2
Mas om lekser1
Sosiale medium0
Andre ting1
Svar totalt: 11