Ballongaktivitet du kan gjere i påska

Vi har samla nokre aktivitetar til påskeferien! Her kjem ein kul ballong-aktivitet!

Ballongjakt med aktivitetar

ILLUSTRASJON: Pixabay
  • Finn fem ballongar og fem små papirbitar.
  • Skriv ein aktivitet på kva papirbit. Til dømes: Sjå film, leike gøyme og leite, lage fruktsalat, spele fotball, drikke kakao i snøen.
  • Putt ein lapp inn i kvar ballong, og blås opp ballongen.
  • Gøym ballongane, og inviter vener med på å leite.
  • Den som finn ballongen, får sprekke den.
  • Så gjer alle aktiviteten i lag.