Du blir ikkje meir agressiv og valdeleg av dataspel

Ein studie viser at det ikkje ser ut som at valdspel gjer deg meir agressiv.

Det er Forskning.no som omtalar dette studiet.

Forskarane hadde 90 deltakarar som dei testa. Ingen av deltakarane var spelarar på førehand, og ingen hadde erfaring med spela som forskarane brukte.

 

Deltakarane blei delt inn i tre grupper.

  • Gruppe 1: Spelte valdspelet Grand Theft Auto (GTA) kvar dag i to månader.
  • Gruppe 2: Spelte det ikkje-valdelege spelet Sims dagleg.
  • Gruppe 3: Spelte ikkje i det heile.

Deltakarane blei undersøkt før og etter testperioden, der dei sjekka mellom anna aggresjon, impulsivitet, humør, angst, depresjon og empati.

Ingen forskjellar

Det var ingen effekt for deltakarane som hadde spelt Grand Theft Auto.

Forskarane fann ingen forskjellar – verken negative eller positive – mellom gruppene.

Ein tredje testrunde to månader etter at deltakarne avslutta speleperioden ga same resultat – altså ingenting.

Ein blir med andre ord ikkje meir aggresiv av valdeleg dataspel, i følgje forskar Kühn.

 

Les meir om forskninga her.