Kvifor et sjøfuglane plast?

Kvifor et sjøfuglar plast, når dei kan døy av det? No har forskarar undersøkt og funne fram til eit svar.

Det var nysgjerrigper.no som omtala saka.

Sjøfuglar kan lukte seg fram til mat i havet. Ein skulle tru at fuglar klarte å lukte seg til kva som er plast, og kva som er riktig mat. Men slik er det ikkje. Eit stort problem er at sjøfugl og andre dyr døyr av plast i magen.

Nokre amerikanske forskarar har undersøkt og funne svar på kvifor fuglar et plast.

Algar som luktar mat

Forskarane plasserte bitar av plast på eit avgrensa område. Etter nokre veker forstod dei kvifor fuglar et seg sjuke på plast. På plastbitane var det eit stoff som luktar mat for fuglane. Dette stoffet kjem frå små algar i havet. Det vesle krepsdyret som heiter krill er noko sjøfuglar likar å ete, og krill har same lukta som algane på plasten hadde.

Sjøfuglane snusar seg fram til lukta når dei vil ha krill. Men når plasten i havet luktar det same som det dei leitar etter, er det ikkje rart at dei kan ta feil.

Kjelde: Nysgjerrigper.no skrive av journalist Marianne Nordahl