Kvinner er like sterke som menn

8. mars er den internasjonale kvinnedagen. Dagen blei etablert for å heidre rettane til kvinnene, og for å bygge opp støtte om stemmeretten for kvinner.

We can Do It! Posteren har vore eit viktig symbol på feminisme rundt omkring i verda.
Feminist er ein person som arbeider for kvinneleg jamstilling og frigjering. (Plakatkunstar J. H. Miller)

Vi tok ein prat med Sofie Thune Vattekar (13) om kvinnedagen.

Kvifor er det viktig å markere denne dagen?

– Det er viktig å huske kvinnene si fortid og kampen dei har kjempa for å kome dit vi er i dag. Uten den kampen hadde mor mi aldri hatt den jobben ho har, og eg hadde kanskje ikkje gått på skule. Det er viktig for meg at ein viser at kvinner er like mykje verdt som det menn er.

Trur du unge jenter er opptatt av denne dagen?

– Dei fleste eg kjenner synest at kvinner er like sterke som menn. Det skal ikkje vere noko forskjell på kjønn. I fjor hadde ein elev i klassa mi tale på kvinnedagen, og vi hadde mange diskusjonar rundt temaet. Det er viktig å engasjere gutar også, slik at dei forstår temaet, og ikkje berre tullar det vekk.

Sofie T. Vattekar

Er du feminist?

– Eg tenker ikkje så mykje over det i kvardagen. Eg har så mykje å tenke på. Skulen, trening, vener og familie. Men sjølv om eg ikkje tenker over ordet feminist, så er eg det. Ein bør vere det, for det er ikkje noko kjønn som er sterkare enn det andre. Det er ikkje noko kjønn som skal meine meir enn det andre.

Nokre viktige kampsaker har vore

  • Abortlova
  • Retten til utdanning
  • Lik lønn mellom kvinner og menn.
  • Retten til å bestemme over eigen kropp
  • Lik deling av foreldrepermisjon

Visste du at kvinner i Noreg ikkje fekk stemmerett før i 1913?