Eit auga ut i verdsrommet

NASA byggjer eit teleskop som skal sjå djupare ut i rommet.

For meir enn 400 år sidan bygde Galileo Galilei eit teleskop. Han var ein italiensk forskar. Han nytta teleskopet til å studere verdsrommet. Sidan den gong har forskarar brukt teleskop til å gjere store funn i universet, skriv Time for Kids.

I 1990 sendte NASA opp eit romteleskop som fekk namnet Hubble. Det har sendt tilbake meir enn ein million bilete til Jorda.

Eit splitter nytt teleskop

Snart tek eit nytt teleskop over for Hubble. Det har fått namnet James Webb Space Telescope. I 2018 vil ein rakett frakte teleskopet inn i verdsrommet, og ei spennande ferd byrjar.

Så kva er så spesielt med dette gigantiske teleskopet? Jo, det kan faktisk gå endå lenger inn i rommet enn Hubble. Dermed kan forskerane sjå endå meir av universet.

Leitar etter ljos

Forskerane vil sjå etter galaksar, og dei vil jakte på planetar som liknar på Jorda. Det gjer det ved å leite etter ljos, fordi teleskopet har eit kamera og verktøy som kan finne ljos mennesket ikkje kan sjå med det blotte auga.