Ulovleg å bruke bokstaven «N»

I Kina ville dei som styrer landet hindre folk i å skrive negative ord på internett.

Sundag denne veka vart det umogeleg for kineserar å bruke bokstaven «N» på den kinesiske nettstaden Weibo, Kina sitt svar på Twitter, skriv Dagbladet.

Kvifor skjedde dette?

Sundag vart det nemleg kjent at det kinesiske kommunistpartiet vil tillate at ein president og visepresident kan sitje og bestemme livet ut. No er det slik at dei kan bestemme i to periodar, men ikkje meir enn det.

Kina har diktatur

Å sensurere bokstaven N er ein del av regjeringa sin plan for å unngå kommentarar frå dei som meiner at det er ein dårleg idé å la nokon sitje med makta så lenge. I Kina er det diktatur. Det vil seie at dei som bestemmer i landet prøver å styre kva nyhende som kjem ut til folket.

I Noreg har vi demokrati, der folket er med på å bestemme. Det er det motsatte av diktatur.

Ifølgje Victor Mair, professor i kinesisk språk og litteratur ved Universitetet i Pennsylvania, er det mogeleg at myndigheitene i landet frykta at bokstaven «N» vart brukt til å seie noko negativt om presidenten, skriv CNN.

Allereie måndag kunne kineserane bruke bokstaven att.

Mykje som ikkje er lov

I Kina er det umogeleg å bruke Facebook, Twitter og YouTube. Ein roman av George Orwell som heiter “Animal Farm” og orda “Xi Zedong” er også sensurert, ifølgje China Digital Times. I tillegg vart ei rekkje søkeord sensurert på Weibo. Mellom anna «ueinig», «resten av livet», «udødelighet», «emigrere» og «skamlaus», skriv Independent.

Ole Brumm

I fjor sommar vart sjølve Ole Brumm offer. Grunnen er at det kinesiske kommunistpartiet vil hindre bilete og tekst som kan gjera presidenten til latter. President Xi Jinping har nemleg fleire gonger blitt samanlikna med den honningelskande bjørnen.