Maksgrense på lekser

Neste skuleår vil elevar i Tønsberg kommune få mindre lekse og meir fritid.

Det er NRK.no som skriv dette.

For å begrense stress og psykiske problem vil Tønsberg kommune innføre ein standar for kor mykje lekse elevar skal ha. I tillegg skal ingen elev ha fleire enn to prøvar eller store innleveringar i veka.

Elevar brukar for mykje tid på lekser

Mette Vikan Andersen som er direktør for oppvekst, kultur, idrett og folkehelse i Tønsberg, fortel til NRK at dette blir gjort fordi elevar brukar for mykje tid på lekser, som igjen fører til stress for elevane.

  • Elevar på 1. – 4. trinn skal ikkje ha meir enn ein halv time med lekser kvar dag.
  • Elevar på 5. – 10. trinn skal ha maks ein time med lekser.

Ordet lekse skal endrast

Mette Vikan Andersen seier også at dei vil endre namnet lekser, fordi det er eit belastande ord.

– Kanskje til heimearbeid, seier ho til NRK.

Tønsberg kommune er kanskje den einaste kommunen i landet som gjer dette. Prosjektet varar til våren 2019. Då vil ein evaluere korleis det har gått.

  • KLASSEDISKUSJON: Kva tenkjer du er best?