Dei fire bøkene som er nominert er:
- Arnfinn Kolerud: Snillionen, Cappelen Damm
- Maria Parr: Keeperen og havet, Samlaget
- Magnhild Winsnes: Hysj, Aschehoug
- Synne Sun Løes: Miss, Aschehoug
Arnfinn Kolerud og Maria Parr er begge forfattarar som skriv på nynorsk.
Kritikarprisen består av kritikarar som melder bøker. Desse fire bøkene er dei som kritikarane meiner var best frå 2017.
Kritikarprisen blir delt ut torsdag 1. mars. Du kan lese meir om bøkene og kritikarprisen her.