Friminutt på berre eitt hjul

SJÅ VIDEO: Rui Desucatan (12), Svein Martin Nilsen (12) og Eirik Natvik (12) øver på balansekunst.

Elevane på Sagvåg skule på Stord tar sykkellappen – på eitt hjul.

Nokre andre her på skulen byrja å sykle i fjor, så då fekk me også lyst å prøva oss, seier Rui.

– Me vil bli like gode som dei, så no øver me alt me kan, fortel Eirik.

Latteren sit laust

– Det er faktisk som å lære å sykle på ny, seier Svein Martin.

– Det er gøy at me er fleire som driv med dette saman, både gutar og jenter, seier Rui.

På eitt hjul rasar dei fram og tilbake, fram og tilbake. Dei tek fart, hoppar på, og finn straks balansepunktet.

– Når eg klarar nye ting, byrjar eg berre å le. Eg veit ikkje kvifor, fortel Rui.

Han driv også med fotball, men synest sykkelen er spennande:

– Det er liksom noko heilt annleis, ler han.