Fire om venskap: – Vi legg det dumme bak oss

Det er ikkje alltid like lett å vere vener. Ein kan ofte krangle og vere ueinig med kvarandre. Kva gjer ein då?

Namn: Kristoffer Midhjell Vestby
Alder: 10 år

Kva set du mest pris på med venen din?
– Vi kjenner kvarandre veldig godt. Eg kan stole på han.

Kva har du og venen din krangla om?
– Om fotball, og i gymtimen kan vi vere veldig ueinige.

Korleis ordna de opp?
– Vi legg det dumme bak oss. Det brukar ikkje vere noko problem. Det ordnar seg alltid.

Namn: Kristin Heir Rognstad
Alder: 10 år

Kva set du mest pris på med venen din?
– Eg kan stole på henne, og er eg lei meg kan ho strøyste meg.

Kva har du og venen din krangla om?
– Det er ofte misforståingar. Til døme så kan eg seie noko, som blir oppfatta som noko anna, og så kan vi byrje å diskutere.

Korleis ordna de opp?
– Vi prøver å ordne opp sjølv, men om ikkje det går hentar vi ein vaksen som kan hjelpe til.

 

Namn:Emma Meizyte
Alder: 10 år

Kva set du mest pris på med venen din?
– At ho er omtenksam og likar å samarbeide. Ho oppfører seg veldig bra.

Kva har du og venen din krangla om?
– Leik som endar i krangel

Korleis ordna de opp?
– Vi prøvar å setje grenser og seier stopp, om vi har gått for langt. Er vi framleis irriterte så pratar vi med ein vaksen.

 

Namn: Lucia Michaela Haakensen
Alder: 10 år

Kva set du mest pris på med venen din?
– At eg kan stole på henne og så sviktar ho ikkje meg. Eg kunne aldri levd utan vener.

Kva har du og venen din krangla om?
– Det er mange ting. Når vi leikar kan vi gå for langt, og då kan vi oppføre oss dårlig mot kvarandre.

Korleis ordna de opp?
– Vi seier unnskyld, og seier til kvarandre at vi er gode vener. Som regel er det gløymt neste dag.