Det er ikkje alltid så lett å berre vere vener

Helsesyster Tonje Lindborg svarar på spørsmål som de stiller. I dag skriv ho om venskap.

Spør helsesyster Tonje og få svar i Framtida junior!
helsesyster@gmail.com
eller
Os kommune v/Tonje Lindborg, postboks 84, 5202 hOS.

Kva synst du er ein god ven?

Det er ulikt for alle kva som er ein god ven. Men, dei fleste born eg spør om kva som er viktig for dei med gode vener svarar noko av dette: kan stole på han/ho, er ærleg, lett å prate med, morosam å vere saman med, støttande, kan fortelje han/ho om nesten alt, har dei same interessene, snill. Ein kan ha ulike vener med ulike eigenskapar.

Dei fleste av oss opplever at ein skiftar vener gjennom livet. Det vil seie at dei du er mest med når du er 8 år, er ikkje sikkert er dei du er mest med på ungdomsskulen eller når du blir vaksen. Alle menneske endrar seg, og gjer ulike ting, og dette gjer også at venskap endrar seg. Dette er noko mange syns er vanskeleg, og kanskje også litt trist.

Sei ifrå!

Dei aller fleste born (og vaksne) har opplevd å krangle med ein ven.

Når ein er uven med nokon, er det mange barn som føler seg åleine. Eg og andre helsesystrer, har snakka med veldig mange barn som opplever at det ofte er vanskeleg med vener.

Nokre gongar kan ein ordne opp på eiga hand. Til dømes om du veit at du har sagt noko dumt, kan du gå til den som vart såra og sei unnskyld. Om ein ikkje heilt veit kva som har skjedd, kan ein seie til dømes «du, det har vore så dumt dei siste dagane. Kan me vere venner igjen?» Ofte har den andre hatt det på same måte.

Om ein opplever å bli såra, er det skikkeleg bra om ein tør å seie i frå. Til dømes kan ein seie: «det der syns ikkje eg var noko kjekt at du sa», eller «eg syns det er vanskeleg når du gjer slik».

Andre gonger må ein få hjelp frå vaksne til å ordne opp. Dette kan vere lærar, foreldre, helsesyster eller andre vaksne.

Vener på nett

Kanskje har du og venene dine smarttelefon?

Hugs å vere ein ven på mobilen og nett også! Ikkje skriv noko du ikkje ville ha sagt til nokon direkte. Hugs at det ikkje er lov å dela bilete av andre utan lov. Regelen her er som elles med venskap: Ikkje gjer eller sei noko du ikkje ville ha likt at nokon gjorde eller sa til deg. Og om du har gjort noko du angrar på, hugs at det er lov, og lurt, å seie unnskyld – akkurat slik som elles i livet.

Her er det også lurt å seie frå til ein vaksen, om det er noko du syns blir vanskeleg å ordne opp i sjølv.

Sjølv om ein ikkje kan vere venner med alle, kan ein vere grei med alle. Det er ganske kult å bli vaksen og bli hugsa som han eller ho som var grei!

Vil du stille Tonje spørsmål, og få svar i Framtida junior?

Skriv til helsesyster@gmail.com

Eller send spørsmålet til:

Os kommune v/ Tonje Lindborg
Postboks 84
5202 Os