Ein festdag for Sankt Nikolaus

6. desember er ein festdag for Sankt Nikolaus. Tidlegare blei denne dagen kalt Nilsmesse i Noreg.

Nikolaus den heilage var ein biskop som levde på 300-talet. Han levde i det som i dag er sør i Tyrkia. Nikolaus var gavmild og gav alt han eigde til dei fattige. Etter sin død blei han gjort til helgen.

Kva er ein helgen?

I den katolske kyrkja har personar som har hatt stor påverknad innanfor den kristne trua blitt helgen. I Noreg har vi Olav den heilage som helgen.

Nikolaus blei etter sin død svært populær, og skikkelsen spreidde seg vestover.

Nikolaus blei superpopulær

Tradisjonen med å gi gåver ved jul- og nyttårstid blei knytt til St. Nikolaus, der folk på klosterskular kledde seg ut som Nikolaus, altså i bispeklede, og delte ut gåver.

Vidare spreidde denne skikken seg til private heimar, der han dukka opp og delte ut gåver.

Helgedyrkinga tok offisielt slutt under reformasjonen på 1500-talet, og då prøvde kyrkja å erstatte Sankt Nikolaus med Jesus og flytta minnedagen til julaftan. På den måten blei Nikolaus forbunde med julefeiringa, og blei ein del av personen som delte ut gåver. Han fekk nye namn som Sinter Claus eller Santa Claus. Her i Norden har han blitt smelta saman med nissefigurar frå folketrua til å bli sjølvaste julenissen.

Reformasjonen er delinga av kristendomen i den katolske, lutherske og den reformerte kyrkja. Martin Luther starta reformasjonen etter sin kritikk mot kyrkja.

(kjelde: Store norske leksikon- snl.no)