Kaptein Theodor

Theodor Aasheim Imsland (7) drøymer om å styre ein heilt spesiell båt.

FAKTA OM M/S ADMIRALEN
  • M/S Admiralen hadde tidlegare namnet MS «Tideadmiral»
  • Båten er ein katamaran som vart bygd i 2010.
  • Går i rute mellom Skånevik og Bergen.
  • Bygd ved Oma Baatbyggeri A/S på Stord.
  • Bygd i aluminium og har ei lengd på 33 meter og er 11 meter brei.
  • Har plass til 260 passasjerar om bord.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ein dag sette Theodor seg ned for å sende brev til eit av landets største rutebåtreiarlag – Norled.

Eit par dagar seinare fekk han svar.

I brevet fortalte Theodor om at han er heilt spesielt interessert i ein båt som har fått namnet M/S Admiralen. Han har faktisk bygd ein minimodell av båten i lego.

– Eg drøymer om å styre den ekte Admiralen når eg vert vaksen, skriv han i brevet.

På slutten skriv han at han ønskjer seg veldig sterkt å få besøke båten, og det er her vår historie startar.

Framtida Junior møtte nemleg ein spent Theodor på Stord, for å køyre båten til Skånevik og tilbake til Leirvik hamn. Ein tur som tek 40 minutt kvar veg, på den blå fjorden.

Alle drikk kaffi

I dag har Admiralen to kapteinar. Tore Årland, som sit i stolen han bruker kvar dag han er på jobb, og Theodor som har klatra opp i Egil Helle sin stol. Egil er overstyrmann på båten.

– Har du fått kaffi, Theodor? spør kapteinen.

Theodor sperrar opp augene.

– Kaffi? spør han.

– Ja, kapteinar og styrmenn drikk alltid kaffi, ler Torkild Kvale som er maskinsjef.

Theodor takkar nei til kaffi, men ja til å kikke på radaren og karta. Det er fleire hundre knappar, og Theodor vil gjerne vite mest mogleg om kva dei er til.

KAFFIDRIKKING: – Kapteinar og styrmenn drikk alltid kaffi, ler Torkild Kvale (til høgre) som er maskinsjef. Theodor takkar nei til kaffi, men ja til å kikke på radaren som overstyrmann Egil Helle (til venstre) viser fram. Foto: Janne Nerheim

Full gass

Matros Atle Boge og dei 55 passasjerane nede i salongen kjenner at farten aukar og aukar. Oppe i styrhuset er det Theodor som kosar seg med kjensla av sjøen.

– No gassar me på! ropar Theodor, som har fått ein time fri frå skulen i dag for å oppleve båten han har lyst å jobbe på ein gong i framtida.

Han har pugga ruta, og veit nøyaktig kvar me er på veg.

– Første stopp er Ranavik, så Sunde, og til slutt; Skånevik, fortel han.

Han er spent på kor fort båten eigentleg kan gå, og kjenner at kaptein-Tore aukar farten endå meir etter at båten har gått ut av hamna på Leirvik.

– No gir me full gass! seier kaptein-Tore, og Theodor bøyer seg fram for å sjå på sjøen som fossar under baugen på båten.

– Det er cirka 4000 liter vatn som går gjennom dei fire vassjettane inn i sekundet. 1000 liter på kvar vassjett, fortel overstyrmann-Egil.

– Det er mykje det! Då er me i rute, ler Theodor.

Sikker tur

Overstyrmann-Egil gir Theodor i oppgåve å telle passasjerane som kjem om bord på Ranavik. Det er ekstra sikkert då, når mannskapet heile vegen veit kor mange folk som er på båten. Det må dei vite i tilfelle det skulle bli motorstopp, brann eller om noko anna skulle skje.

– Ser du denne? spør overstyrmann-Egil og peikar på ein stor skjerm med eit kart som heile tida flyttar på seg.

– Det er ein radar, svarar Theodor.

– Ja, denne må me ha om natta, eller i tåke eller anna dårleg vêr. Ser du den holmen der borte? Eller den stokken i sjøen? Her ser du den på kartet, seier Egil og peikar på skjermen.

RADAR: – Denne må me ha om natta, eller i tåke eller anna dårleg vêr. Ser du den holmen der borte? Eller den stokken i sjøen? Her ser du den på kartet, seier overstyrmann Egil Helle og peikar på skjermen. Foto: Janne Nerheim

Må kunna engelsk

Theodor får også sjå på VHF-radioen båten snakkar med andre båtar med.

– Om nokon er i naud, snakkar dei i denne. Det er ein radio med mange ulike kanalar, og ein kanal som alle kan høyre. Om noko alvorleg skjer, roper båten som har trøbbel ut «Mayday». Det er på engelsk, slik at alle som styrer båtar forstår det, uansett kva land dei er i, seier Kaptein-Tore.

– Har du byrja med engelsk på skulen? spør overstyrmann-Egil.

– Ja, eg kan litt, svarar Theodor.

– Det er bra, for det må du kunne når du jobbar på båt. Då er det aller meste på engelsk, og spesielt på grunn av radioen er det viktig, seier overstyrmannen.

Tek over ein dag

Theodor har funne roen i stolen. Det spørst om Egil får den attende.

– Likte du stolen min? Går det fint om eg tek fri nokre dagar slik at eg kan reise på hjortejakt? spør han.

– JA! ler Theodor.

Det er ikkje så mange åra før det kan bli slik. Om det er denne draumen Theodor vel å følgje.