Fleire er sinte på dei nye mjølkekartongane

No finn du Tine sine mjølkekartongar med nissar og snø i butikken. Men i år er det eit dyr på kartongen som gjer mange folk sinte.

Me har på årets julekartongar valt å løfte fram fjøsnissen: Den snodige, vesle fyren som har prega norsk jul i generasjonar. Kvar kartong har si eiga historie frå ein TINE-gard, seier direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i TINE, Lars Galtung, til Nettavisen.

Sjokkerte

Men det er ikkje fjøsnissen som gjer folk sinte. Biletet på heilmjølka viser nemleg nissar og snø, men også ein ulv som ular mot himmelen.

På heilmjølka har me brukt silhuettar av norske villdyr som ulv, gaupe og ørn i historia om den norske fjøsnissen, seier Lars, som ikkje svarar på om Tine har tenkt på at mange bønder er redd for ulven.

Mange meiner det er ein hån mot bøndene, og fleire uttrykkjer sinne på Tine si Facebook-side.

Ein skriv:  Tippar norske bønder er storfornøgde med juledekoren på produktet sitt.

Ein annan skriv:  Respektlaust ovanføre dei bøndene som slit med desse dyra.

Kva meiner du om at det er ein ulv på mjølkekartongen?

Send di meining til tips@framtida.no

Stor diskusjon

Det har vore stor diskusjon om ulven det siste året. Nokon meiner Noreg bør ha fleire ulvar, medan andre meiner dei ulvane som allereie finst er ein fare for dyra på garden.

Difor er det no mange som er sinte på Tine – fordi dei synest det er stygt gjort å plassere ein ulv på mjølkekartongen som kjem frå gardane.

Dyra er med i ei historie kor fjøsnissen er hovudperson. Fjøsnissane bur så vidt me kjenner til ikkje i byar, men på landsbygda med kuer, bønder og norske villdyr, seier Galtung.