Forskarar kan lagra data i diamantar

I framtida kan me få ein super-minnepinne av nydeleg bling-bling. Diamantar kan nemleg lagra enorme datamengder.

Forskarar frå City College of New York har funne ein måte å bruke diamantar til lagring av data, skriv Live Science.

– Me er den fyrste gruppa som viser at det er mogeleg å bruke diamantar til datalagring, seier Siddharth Dhomkar, som er fysikar ved City College of New York.

Toler ikkje sol

Det er ein enorm etterspurnad etter nye måtar å lagre data på. Difor er forskarane svært spent på om dei klarar å få endå meir ut av diamanten enn dei allereie har gjort, skriv Forskning.no

No har dei fått ein diamant som er tynnare enn eit papirark til å romme hundre gongar meir informasjon enn ein DVD. No vil dei prøve å gange dette talet med ein million.

Håpet er at diamantane kan lagre data til evig tid. Men om diamanten vert utsett for sollys, forsvinn alt som er lagra.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here