Olden skule er på lesetoppen i Noreg

4.klassingane ved Olden skule har i snitt lese over 4600 sider på berre litt over ein månad.

Her er dei mest populære bøkene i klassen

Detektivbyrå 2-bøkene
Kaptein Supertruse
Dustedagbøkene
Topp fakta bøker

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei er dermed den 4.klassen som har lese flest bøker i landet no i haust. Berre klasse 7A ved Skjelstadmark oppvekstsenter har lese fleire sider.

Norli junior er ein stor lesekonkurranse som alle klassar i Noreg kan melda seg på. I år er det fleire enn nokon gong som er med.

Klassen har laga seg eit klassebibliotek. Der har dei tatt med seg bøker på skulen som dei andre i klassen kan låne.

Alle som les 800 sider per elev får medalje, og ein er med i trekning av ein ny, større pokal kvar gong klassa når eit nytt nivå.

Men korleis i alle dagar har 4.klassen ved Olden skule i Stryn kommune kart å lese så mange sider?

Her er nokre av svara deira:

Eg har lese mykje heime og på skulen.

– Det er kjekt og koseleg å lese

– Eg har sjølvtillit og har lyst til å vinne lesekonkurransen i 2017.

– Vi spelar ikkje så mykje på nettbrett og mobilen.

Her er dei mest populære bøkene på nynorsk i Norli Junior

– Vi har lest mange tjukke bøker.

– Eg les heile dagen.

– Det var dumt at vi tapte pokalen i fjor og no skal vi vinne.

Kva synest elevane er kjekt med å lese? Her er noko av det dei svarer:

Eg synest det er kjekt å lese fordi eg lærer nye ord og eg får betre lesefart.

– Det er kjekt å lese fordi det er spennande, lærerikt og morosamt.

– Det er gøy å lese så gode forteljingar. Mesteparten av bøkene er morosame.

– Vi har lært mange nye ord.