Internasjonale mensdagen: Alt du treng å vite om mensen

Nokre får det veldig tidleg og andre får det seint. Kva er eigentleg mensen? Vi har spurt lege, Tine Wiik Berg, om nettopp dette.

Tine Wiik Berg er lege og svarar på spørsmål frå deg.
Lege Tine Wiik Berg.

Kva er mensen?

Mensen er rett og slett kroppen sin måte å kvitte seg med eit ubefrukta egg. Omtrent kvar månad modnast eit egg i eggstokken og startar ei reise til livmora med moglegheita for å bli befrukta. Livmora gjer seg klar på å ta i mot egget, og difor hovnar livmorveggen opp slik at egget kan feste seg. Livmora er som eit reir som gjer seg klar til egget. Eit modent egg treng sæd for å bli befrukta, og dersom dette skjer vil det kunne utvikle seg til eit foster, og ein blir gravid. Om egget ikkje blir befrukta treng ikkje livmora dette «reiret» for å passet på egget lengre, og då kvittar kroppen seg med det, ved å blø i alt frå eitt par dagar til ei veke. Nokre blør lite, medan andre blør mykje. Vanlegvis kjem det ein halv desiliter menstruasjonsblod.

Kvifor bestemmer ein ikkje sjølv når ein skal få det første gang?

Kroppen har sidan du var ein liten baby inni magen til mor, innstilt seg som ei klokke til å begynne å produsere hormon for å kome i puberteten i ein viss alder. Dette er heilt individuelt frå person til person om når dette skjer, men det er mest vanleg å få mensen frå 12 til 17 års alderen. Nokre får det tidlegare også.

Dei fyrste åra ein har mensen er det heilt vanleg at blødninga kjem litt uregelmessig, og ein kan bli overraska over at ein begynner å blø. Det er difor lurt å ha med eit bind eller tampong i skulesekken. Kvar jente har sin heilt eigen rytme på kor ofte ein får mensen, dette kallast ein «syklus». Den kan variere mellom 25-30 dagar, det vil seie at ein blør omtrent kvar månad. Eit lurt tips er å laste ned ein «menskalender» til mobiltelefonen din slik at du kan sjå omtrent når du kan forvente å begynne å blø.

Kva er viktig å passe på?

Mensen er ein heilt naturleg del av det å vere kvinne. Difor kan du gjere alt som ein ellers gjer når ein ikkje har mensen! Det er viktig å vaske seg dagleg nedantil, og å bytte bind og tampong ofte. Kor ofte kjem an på kor mykje du blør, men ein må som regel byte litt oftare dei fyrste dagane når ein blør mest. Det er heilt opp til deg om du vil bruke tampong eller bind. Nokre synes det er enklare å starte med bind og øve seg på å bruke tamponger etter kvart. Dersom ein vel å bruke tampong bør du byte kvar 3.-6. time dei fyrste dagane av mensen når du blør mest. Når du blør litt mindre, kan det holde å byte kvar 6.-8. time. Dersom ein bader med tampong bør du bytte når du er ferdig med å bade. Det går fint å sove med tampong, så lenge du hugsar å ta han ut på morgonen. Om ein er veldig uheldig kan ein få «tampongsjuka», dette er ein infeksjon i underlivet. Då vil utfloda lukte vondt, og ein kan få feber og magesmerter. Då er det viktig å ta ut tampongen og oppsøke lege, for dette kan vere farleg. Men frykt ikkje, det er heldigvis veldig sjeldan!

Kva gjer ein om det er mykje smerter?

Nokre jenter får mykje menssmerter, medan andre ikkje får smerter i det heile tatt. Det er ganske vanleg å få smerter i magen eller i ryggen. Nokre jenter blir kvalme og kastar opp, og andre får hovudverk. Det er også vanleg å føle seg slapp. Dette kan vare i alt frå ein time til fleire dagar. Har ein veldig vondt kan det vere lurt å ta smertestillande som til døme Paracet eller Ibux.

Kva gjer ein om ein ikkje tør å skaffe bind?

Hugs at mensen er kroppen sin måte å fortelje at du begynner å bli vaksen, og det er jo eigentleg ganske stilig! Det er ikkje noko ein treng å vere flau over, og det er heilt normalt å måtte kjøpe bind eller tampongar. Dersom ein synest det er pinleg å kjøpe bind sjølv, kan du kanskje be mamma eller pappa kjøpe til deg? Helsesyster på skulen har også bind som du kan få. Har du ei god venninne, kan det vere fint å snakke med henne også. Alle må gjennom dette. Ver stolt og glad!