Kvifor ler nokon når dei vert redde?

Det å le i vanskelege situasjonar er veldig, veldig vanleg.

I vanskelige situasjonar, spesielt når det skjer noko som kjem brått på, kan du verte overvelda av følelsar og få upassande reaksjonar som til dømes nervøs latter. Følelsane dine rekk ikkje å ta inn det du opplever på ein rett måte. Det kan også vera ein automatisk måte å beskytte seg frå vonde følelsar på (UNG.no).