– Deling er deling

Om foreldra dine seier dei berre skal legge biletet av deg i ei lukka gruppe på Facebook, eller på ein lukka profil på Instagram, bør dei framleis spørje deg om det er greit først.

Guro Skåltveit, seniorrådgivar i Datatilsynet, er oppteken av at barn bør få skape sin eigen identitet på nett når dei er gamle nok og klar for det.

– Det er viktig at kvart enkelt menneske har oversikt over sine eigne opplysningar på nett. Det får ikkje barn sjansen til om foreldra deler bilete og andre private ting om barnet utan å spørje først, seier ho.

Guro meiner også at alle må tenkje på at det ein deler med ein person, ofte kan verte delt vidare. I det du har delt noko, er det ikkje lenger privat og ein kan miste kontrollen over biletet eller informasjonen.