– Dei vaksne skal lytte om du ikkje vil ha bilete av deg på nett

Slettmeg.no får fleire og fleire meldingar frå barn som ønskjer å få sletta bilete foreldre eller besteforeldre har lagt ut på internett.

Ein dag oppdagar du bileta av deg sjølv, som mamma eller pappa har lagt ut. Den gongen du tissa i buksa, men var så søt der du sto, eller den gongen du hadde grisa med maten i heile ansiktet. Den gongen du var sjuk, og hadde snørrete nase og feberauge, eller den gongen du kyssa nokon for aller første gong.

Ventar fleire meldingar

I grunn kvardagslege og uskyldige bilete, som mange foreldre tek, men kva rettar har du som barn når bilete du ikkje likar at andre ser plutseleg er å finne på internett, anten på ein blogg, Instagram eller Facebook?  

– Me har fått meldingar frå barn som ønskjer at bilete som er lagt ut av foreldre eller besteforeldre skal slettast, fortel leiar for slettmeg.no, Hans Marius Tessem.

Han ventar fleire og fleire meldingar framover, sidan det er først no barn som opplever at bilete vert lagt ut, er store nok til å gi beskjed om at dette er noko dei ikkje ønskjer.

– Det vert interessant å sjå kor mange som tek kontakt etter kvart som barna vert eldre og eldre, seier han.

Kva rettar har barn som kjenner seg krenka av bilete foreldra legg ut?

– Barnet har rett til å få biletet fjerna. Om barnet ber om at ein forelder skal ta vekk eit bilete, så må forelderen slette det.

Korleis fungerer slettmeg.no? Vert bileta ein ønskjer å få sletta fjerna fullstendig frå internett?

– Slettmeg.no er ei gratis teneste for folk som føler seg krenka på internett. Me har stor kunnskap om korleis du skal gå fram for å få sletta bilete.

På nettsida slettmeg.no finn du gode råd. Du kan også sende ein e-post til hjelp@slettmeg.no, fortel Hans Marius.

Til retten

– Me har sett døme i europeiske land på at ungdommar har meldt sine eigne foreldre til politiet fordi dei meiner foreldra har delt for mange bilete og anna informasjon om dei på nett opp gjennom heile barndommen. Dei meiner foreldra har krenka privatlivet deira med ei slik deling. Eg kjenner ikkje til at nokon i Noreg har gjort det enno, men det er eg ganske sikker på at me vil sjå i løpet av nokre år, seier Guro Skåltveit, som er seniorrådgivar i Datatilsynet.

Guro seier at norske foreldre bestemmer sjølv om dei vil legge ut bilete av barn på nett fram til barna er 15 år. Men ho understreker at alle barn har rett til å seie si meining, og at dei vaksne skal lytte, og at jo eldre barna blir, jo meir skal meininga deira telje.

– Ofte er det hyggelege bilde, og dei fleste foreldre gjer det i god meining, fordi dei ønskjer å vise fram barnet sitt, seier Guro.

Ho meiner at alle foreldre skal spørje barna først. Alltid.

Førebilete

– Foreldre tek bilete og deler dei – på nett eller i meldingar – utan å spørje barna først om dei er einige. Men, når barna vert 13-14 år, og lagar sin eigen profil på Facebook, så kjem foreldra med peikefingeren og seier kva barna bør dele med andre og ikkje. Det blir heilt feil. Dei vaksne må vise barna korleis vi behandlar bilete gjennom å vera gode rollemodellar, seier ho.

Og det handlar ikkje om at eit bilde er flaut eller ikkje, det handlar om at ein skal få vere med å meine noko om det som handlar om ein sjølv. At ein skal få bestemme over kva som vert delt med andre, ifølgje Guro.