Einar frå Stord lever draumen i Everton

16-åringen fortel om livet i Premier League-klubben.

Ein vanleg arbeidsdag i Everton

0815: Prehab, med forskjellige oppvarmingsøvingar

0845: Frukost

1000: Første trening

1230: Lunsj

1400: Ny trening

1530: Styrketrening

1600: Ferdig

Éin dag i veka er det skule, og av og til på kveldstid.

LES FAKTALUKK FAKTA

Før sommaren fekk Einar Iversen kontrakt med den engelske storklubben Everton. I juli flytta 16-åringen til Liverpool for å bu og trena med klubben. Sjølv om han har trena klubben med før, så var det sommarfuglar i magen då han møtte på treningsfeltet til Everton i Halewood.

– Eg byrjar å koma inn i det no. Det er veldig profesjonelt her, seier han.

Høgt tempo

På treningane har han festa måleutstyr på seg som måler alt frå puls og fart til kor langt han spring. Treningane blir filma, og spelarane får tilbakemeldingar på framgang og det som kan gjerast betre.

– Det er bra treningar, og eit høgt tempo.

Frå treningsfeltet til Evertion.

I juni brakk han kragebeinet, så dei første vekene måtte han ta det meir med ro. No ventar han på ei internasjonal klarering slik at han kan få lov til å byrja å spela kampar for U18-laget til Everton.

– Eg må nok jobba ganske hardt for å koma inn i start-11aren, seier den sentrale midtbanespelaren frå Hadlabrekko på Stord.

Bur hos vertsfamilie

Einar bur hos ein vertsfamilie saman med to andre unge Everton-spelarar frå Storbritannia.

– Det går fint å bu her, seier Einar, som har blitt god i engelsk.

Når me snakkar med han, er foreldra hans på besøk. Og for ikkje så lenge sidan var han på ein treningsleir i Slovenia i ni dagar.

Einar er den einaste frå Noreg i klubben, bortsett frå han som festar måleapparet på han når han trenar. Og bortsett frå den amerikanske keeperen deira, er han den einaste utlendingen.

I naboklubben Liverpool spelar kameraten hans Edvard Sandvik Tagseth, som han møtte på U15-landslaget.

– Me treffest ofte og finn på ting, fortel Einar.

Møtte Koeman i resepsjonen

Einar Iversen og dei andre på U18-laget deler treningsanlegg med Wayne Rooney og resten A-laget til Everton.

– Her om dagen sat eg i resepsjonen med Koeman, fortel Einar Iversen, om den tidlegare nederlandske superstjerna som no er trenar for A-laget til klubben.

– Snakka du med han?

– Nei, ler Einar.

– Kva er draumen din?

– Draumen er å gå heile vegen til A-laget. Everton skal byggja ny stadion no. Det hadde vore ein draum å få spela der.

– Ha det gøy!

Einar Iversen byrja med fotballtreningar i 1.klasse. Einar spelte mykje med storebror sin, Jakob (21), som spelar på A-laget til Stord i dag.

– Har du tips til unge fotballspelarar?

– Eg er no ganske ung sjølv – men det viktigaste er å ha det gøy, elles er det ingen vits.

– Kva er det som er gøy med fotball?

– Det er å setja seg mål, og sjå at ein blir betre.