Kva er retusjering?
Mange av bileta du ser kvar dag er fiksa på. I reklameverda er det vanskeleg å vite kva som er ekte og ikkje.
Fotomanipulasjon og fotofikling, er andre namn for retusjering. Det handlar om å endre på eit originalfoto.
I seinare tid er det vanleg å nytte spesielle bildebehandlingsprogram. Photoshop er eit slikt program. Før datamaskina kom, brukte folk maling for å få vekk detaljar som ikkje var ønskja.
Aviser og ein del magasin er kritiske til å endre på bileta. Dei er redd det kan gjere at folk ikkje trur på det dei ser når dei les avisa. Difor vert manipulerte bilete merka med ein M.
Reklameindustrien nyttar teknikken stort sett heile tida. Dei nyttar teknikken til å gjere endringar på modellane som er i magasiner eller annonser.
Vanlege endringar på fotomodellar er å:
* Gjere hår skinande
* Fjerne hår som fell på feil stad
* Leggje til lys
* Ta bort rynker, solskada hud, blemmer og anna
* Leggje til glans i huden
* Gjere tenner og auge kvitare
* Lage større pupillar
* Gjere hoftene smalare
* Forlenge bein
* Forstørre bryst
(Kjelde: Wikipedia)
Det var Freddy Øvstegård (SV) som fekk Stortinget med seg på å innføre merking av retusjert reklame. Han, og fleire andre ungdomsorganisasjonar og ungdomsparti, har lenge arbeidd med å få politikarane til å forstå at barn og unge kan bli sjuke av å sjå kroppar som er pynta på.
Ekte modellar
– Retusjert reklame gir ikkje eit ekte bilete av korleis modellar faktisk ser ut. Det kan føre til at vanlege folk kjenner dei ikkje er gode nok, seier Rameen Sheikh i Ungdom mot retusjert reklame.
– Mange barn og unge tenkjer dei må sjå ut som modellar. Difor meiner vi at retusjert reklame må merkast. Slik at alle veit at personane ikkje ser slik ut i røynda, seier Rameen.
Vil endre på kroppen
Press si undersøking «Prosjekt Perfekt» viste at 68 prosent av jentene og 52 prosent av gutane hadde ønskjer om å endre på eigen utsjånad. 43 prosent svara at dei kjenner på kroppspress i sin eigen kvardag. Der var 2.000 ungdommar som svara på undersøkinga.
Ei undersøking frå Statens institutt for forbruksforsking viser ein sterk samanheng mellom reklame, kroppspress og psykisk helse.