Denne saka vart først publisert hjå systeravisa vår, Framtida.no.
Natt til torsdag kunngjorde USAs president Donald Trump på Truth Social at Hamas og Israel ville skrive under på ein fredsavtale innan kort tid.
Like etter midnatt i natt godkjente eit fleirtal i den israelske regjeringa avtalen.
Fredsplanen er forhandla fram i Egypt og inneber ifølgje NRK at:
- Hamas skal frigi 20 israelske gissel
- Israel skal frigi 2000 palestinske fangar
- Utvekslinga av gislane skal skje innan 72 timar frå avtalen trer i kraft
- Det israelske militæret skal gradvis trekke tilbake styrkane sine
- Minst 400 lastebilar med naudhjelp skal sleppe inn i Gaza dei første fem dagane, med ein gradvis auke
- Fordrivne palestinarar får vende tilbake til Nord-Gaza og Gaza by, ifølgje Hamas
Våpenkvila trer i kraft 24 timar etter Israel har godkjent avtalen, altså seint i kveld.
- Les også: Trump: – Ein stor dag for verda




















