Kompetansemål
Matematikk, etter 7. trinn
- Finne informasjon i tekstar eller praktiske samanhengar, stille opp og forklare berekningar og framgangsmåtar, vurdere resultatet og presentere og diskutere løysinga
Nina bur saman med familien sin i eit ganske nytt hus, men sjølv om rommet er nyleg pussa opp meiner ho det er for barnsleg, med den rosa tapeten og dei lilla og turkise hestane.
Foreldra har sagt seg villeg til å pusse opp rommet, dersom ho finn ei løysing som ikkje kostar meir enn 1400 kroner.
Nina må sjølv finne ut kva som blir billigast. No har ho kome fram til to alternativ.
- Alternativ 1: Måle over den gamle tapeten.
- Alternativ 2: Tapetsere med ny tapet.
Ho treng i tillegg maskeringtape, målingsrull og pensel. Skal ho ha tapet treng ho også tapetlim som kostar 170,-. Husk at ho treng to lag med måling, dersom ho vel å bruke måling.
Måla på rommet
Rommet er rektangulært og har måla 3 x 2 meter. I tillegg er det eit vindauge og ei dør. Frå golv til tak er det 2,40 meter høgt. Døra er 70 cm x 2,00 m og vindauget er 90 cm x 1,30 m.
Oppgåve
Di oppgåve er å finne ut om ho har råd til dette. Og kva er billigast?
Kva vil du anbefale henne å gjere?
Skisser gjerne opp rommet, og rund gjerne oppover når du skal finne riktig mål.